Skrantesjuke påvist hos en elgku i Nore og Ulvdal i Buskerud

Prøvene viser at elgkua som vart felt under jakt i Nore og Ulvdal i Buskerud hadde sporadisk (atypisk) skrantesjuke. Det er forventa å finna nokre tilfelle av sporadisk skrantesjuke i løpet av eit år, og denne varianten er grunn til å tru at ikkje er smittsam, eller svært lite smittsam mellom levande dyr.

I Noreg har det vorte påvist ulike stammar av prion som forårsakar skrantesjuke (CWD). Hos villrein er priona funne i lymfeknutar hos alle. For dyra som har komme lengre i sjukdommen, også i hjernen.

At det er observert smittsam framferd av CWD hos villrein blir anteken å ha samanheng med at prion blir påviste fleire stader i kroppen, som i lymfeknutar.

Hos elg med skrantesjuke (CWD) i Norden er det med diagnostiske metodar så langt berre funne prion i hjernevev, og sjukdommen opptrer truleg sporadisk.

- For å kunne gjennomføre sikrast mogleg diagnostikk er det derfor viktig at både hjernevev og lymfeknute lèt seg undersøkje, seier CWD-koordinator og seniorforskar Jørn Våge ved Veterinærinstituttet. 

Skrantesjuke, eller Chronic wasting disease (CWD), er ein prionsjukdom som i fleire tiår har vore kjend hos hjortedyr i Nord-Amerika. I 2016 vart denne alvorlege dyresjukdommen for første gong påvist hos villrein og elg i Noreg, og i 2017 vart den også påvist hos hjort.

Viktig å ta prøver

Jegerar, og andre som bidreg med å senda inn prøver, gjer ein god og viktig innsats i arbeidet med å kartleggja sjukdommen.

Det er viktig at merking og registrering av prøver blir gjorde rett, slik at dyret og avsendar kan sporast dersom prøva er positiv.

Meld frå om du ser sjuke eller døde hjortedyr

Mattilsynet oppmodar alle som ferdast i skog og mark, og som ser sjuke eller døde hjortedyr, til å melda frå til Mattilsynet eller kommunen.

Les meir om kartlegging av skrantesjuke på hjorteviltportalen

Fakta om skrantesjuke

Les mer hos Mattilsynet

Del artikkel